fredag 3. juni 2011

Heilagt arbeid


Syrinen setter stor pris på ein omgang heimelaga kompost

På heilagtorsdag, som er eit langt meir poetisk namn enn himmel-spretten, hadde eg sett meg føre å gjere eit nærast heilagt arbeid - å få gang på komposten. Ja, eg er klar over at eg burde gjort det for lenge sidan, men det er jo ikkje eit arbeid ein nett går og gler seg til. Første post var å tøme ut det som hadde stått "bånnklaka" heile den lange og iskalde vinteren. Eg var redd for å møte igjen dei gamle gulrøtene, potetskrellet og resten av avfallet då eg opna loket, men prosessen hadde heldigvis gått sin gang og eg kunne ta ut fin, omdanna jord. Litt i våtaste laget, men blanda med kjøpejord, fin til å legge rundt buskane og dei store staudene etter å ha "kvilt" seg nokre månader utanfor dunken.
Så nå er det berre å sette i gang på nytt. Det er nesten eit mirakel at med hjelp av tid og bittesmå organismer, kan matavfall og hageavfall bli til den finaste jord.

Jorunn

1 kommentar:

  1. Hei Jorunn!

    Ja,det er godt når kompostbingen er tømt! Noen år hadde vi faktisk kompostbinge på skolen (i forbindelse med skolehage)!nå har den brune dunken tatt over....I sin tid var det en klasse på videregående som produserte tre-binger..
    Fint innlegg!
    Ha en riktig god helg!

    SvarSlett